|
Helen blei musikant i Eikanger-Bjørsvik ikkje
så lenge etter aspiranttida. Ho var 16 år gammal, året var 1994. Då hadde ho
allereie skapt oppsikt med esskornettspelet sitt i Knarvik skulekorps og i
Oster Brass. I åra etterpå forbløffa ho oss gong etter gong med sine evner
på kornetten. Helen var eit naturtalent i den rette tydinga av ordet. Og ho
elska ei utfordring, lik den i NM 2005, då ho henta heim solistprisen. Ho
hadde då spelt flygelhorn i berre ein månad.
Men Helen var meir enn ein fantastisk
instrumentalist. Ho var av dei som ga alt for å få vera med, som forsto
verdien av fellesskap og samspel. Helen sparte seg aldri når fellesskapet
trong ho. I påska stilte ho opp att og flaug høggravid til England for å
spela konsertar med Eikanger-Bjørsvik.
Ho skulle denne hausten gjera seg klar for det
tredje come-backet i Eikanger-Bjørsvik etter hennar tredje fødsel. I seg
sjølv eit overlegent prov på hennar sterke engasjement for korpset og hennar
store kjærleik til musikken. Ingenting i heile verda kunne stogga Helen når
ho ville gjennomføra noko, trudde me.
Det var før raset gjekk over Hatlestad
terrasse.
Me tenkjer på dei som sit att, på Oddmund som
ho møtte gjennom musikken, på dei tre borna, på hennar nære familie. Me kan
ikkje fatta kva for sorg dei gjennomgår.
Men me kan seia at me alltid vil sakna Helen.
Ho var av den sorten ein aldri gløymer.
Og skulle det vera noko trøyst å finna der
ute, kan det vera i ordtaket Helen skreiv i sin eigen blogg, ein leveregel
ho følgde til siste slutt:
"Elsker du livet? Så kast ikke bort tiden, for det er det livet består
av."
På vegner av alle vener i EBML,
Christian Lura
|